Dr. Melanie Zimmermann har mottatt Yaras Birkelandpris i fysikk og kjemi for 2009. Prisen på 25.000 kroner og et diplom ble overrakt av Yaras konsernsjef Jørgen Ole Haslestad i forbindelse med den årlige Birkelandforelesningen på Det Norske Videnskaps-Akademi. Prisen er nyopprettet og skal alternere mellom fysikk og kjemi. Melanie Zimmermanns prisbelønte doktorgradsarbeid ble gjennomført ved Kjemisk Institutt ved Universitetet i Bergen.
Prisen skal gå til et dr. gradsarbeid som best møter Birkelands forskerånd. Årets pris tildeles innenfor kjemi. Det er seks avhandlinger bedømt i 2007 og 2008 ved norske universiteter som er blitt nominert til denne første Yaras Birkelandpris. Utvalgskomiteen har vært ledet av professor Knut J. Børve, Kjemisk institutt, Universitetet i Bergen.
En fullsatt foredragssal på Akademiet applauderte vinneren av den første Yaras Birkelandpris i fysikk og kjemi, Dr. Melanie Zimmermann. (Foto: Eirik Furu Baardsen)
Utvalskomiteen si grunngjeving
Dr. Melanie Zimmermann fikk overrakt en sjekk på 25.000 kroner og et diplom av Yaras konsernsjef Jørgen Ole Haslestad. Prisen ble delt ut i forbindelse med Birkelandforelesnignen. Til høyre professor Paul M. Kintner, årets Birkelandforeleser. (Foto: Eirik Furu Baardsen) Vinnaren av Yaras Birkelandspris i fysikk og kjemi 2009 har forfatta ei avhandling som er eksepsjonell både med omsyn til kvalitet og omfang. Avhandlinga omfattar heile 8 primærarbeid som alle er publisert i leiande vitskaplege journalar – det som i dagens teljekantregime blir kalla nivå-2 tidsskrift. Prisvinnaren er førsteforfattar på alle 8 artiklar og har i snitt berre 3 medforfattarar. Samanfatninga inneheld ein grundig gjennomgang av det aktuelle fagfeltet i form av ein omfattande litteraturoversikt og nær 300 primærreferansar.
Doktorgradsprosjektet utgjer ein fundamental studie av syntesevegar, stabilitet og kjemiske eigenskaper for alkylkompleks av lantanidene – ein stoffklasse som så langt har hatt status som modellsystem innan olefin polymerisering men som også har vore brukt med gode resultat som katalysatorar i ei rad viktige industrielle reaksjonar som hydroaminering, hydrosilylering, og aktivering av C—H bindingar. Arbeidet har gitt ny forståing av samanhengen mellom struktur og reaktivitet og har mellom anna ført fram til nye og svært aktive katalysatorsystem for polymerisering. Eit høgdepunkt i arbeidet er isolering og strukturoppklaring av eit kationisk kompleks som representerer ein ’single-site’ katalysator for produksjon av kunstig gummi. Prisvinnaren har sin grunnutdanning i kjemi frå Det tekniske universitetet i München og har utført doktorgradsarbeidet ved Kjemisk institutt, UiB. Det kan også nemnast at ho tilbrakte 3 månader ved Norsk Hydro i Porsgrunn som praktikant under diplomstudiet. Prisvinnaren er Dr. Melanie Zimmermann.