Tverrfagleg seminar

Kva visste dei om helse og medisin i mellomalderen og vikingtida?

Les meir om seminaret her
Bilde
Jan van Grevenbroeck, Venetian doctor during the time of the plague. Museo Correr, Venice.
Jan van Grevenbroeck, Venetian doctor during the time of the plague. Museo Correr, Venice. Kilde: Wikipedia Commons.

Kva slags sårbehandling var vanleg i vikingtida? Korleis såg dei på psykiatriske lidinger i norrøn tid? Og kva kan vi lære av beinmateriale om helse og medisinsk behandling i mellomalderen?

Dette er nokre av temaene som vert diskutert når fagfolk frå mellom anna psykologi, medisin, botanikk, arkeologi, runologi, kunsthistorie, rettshistorie og norrøn filologi samlast til tverrfagleg seminar 28.-29. september. Utgangspunktet er at menneska i mellomalderen var som oss, med ynske om å leve gode liv med god helse. Og når sjukdom truga eller folk fekk farlege skader, så prøvde dei så godt dei kunne, på bakgrunn av kunnskapar, erfaringar og tru, å kurere sjukdomar og skader.

Helse, sjukdomar og medisinsk behandling i vikingtid og mellomalder var for nokre generasjonar sidan eit populært forskingsfelt. I seinare tid har det vore lite forsking på dette emnet innanfor dei fleste aktuelle fagområda, men i dei aller siste åra har vi registrert ei veksande interesse. Dette seminaret har som mål å stimulere denne interessa og få fram ny forskning på dette spennande feltet. 

Seminaret er ope, men påmelding er naudsynt. Arrangementet blir også streama.