Magnus Lagabøters Landslov 750 år (Akademimøte)

Magnus Lagabøters Landslov 750 år – Eit storverk i norsk historie og europeisk rettshistorie
Kong Magnus 6. Lagabøter er kongen som ikkje skulle bli konge. Landslova er kjernen i eit lovprosjekt som vart avvist, og som fort kunne ha stranda.Likevel vart kong Magnus ein av fire monarkar i Europa som klarte å laga ei riksdekkjande lovbok i mellomalderen, og Landslova forma det norske samfunnet i over 400 år. Det seier mykje om kongen og lovarbeidet hans at pave Nikolaus 3. i 1279 gav alle som bad ei forbønn for kongen 100 dagars avlat, eit privilegium knapt nokon annan konge fekk i dette hundreåret. Men kven var eigentleg denne kongen, og kva slags lovbok var eigentleg Landslova? Forskinga fram mot 750 års-jubileet for Landslova i 2024 har lagt til mykje ny kunnskap om norsk politikk, samfunn og rett på 1200-talet.

Om innleder:
Jørn Øyrehagen Sunde (f. 1972) tok doktorgraden ved Det juridiske fakultet i Bergen i 2007, vart same året professor i rettshistorie der. Han var 2002-2020 forskar ved museet Baroniet Rosendal, var mellom 2008 og 2010 professor 2 ved Mellomaldersenteret i Bergen, har sidan 2019 òg vore forskar ved Nasjonalbiblioteket, og vart same året tilsett som professor ved Institutt for offentleg rett i Oslo. Sunde har publisert sju bøker, redigert ytterlegare 13 bøker, publisert 83 fagfellevurderte artiklar og bokkapittel, har tre gonger fått førelesarprisen ved Det juridiske fakultet, fekk i 2012 Meltzerprisen for framifrå forskingsformidling, og i 2023 fekk han Sarton-medaljen ved Universitetet i Gent for framifrå rettshistorisk forsking.

Foto: Gorm K. Gaare/Nasjonalbiblioteket