Ny bokutgivelse

Helse, sjukdommar og medisinsk behandling i Norden i vikingtid og mellomalder

Slik bestiller du boka

Førehandsbestill boka for kr 399,-

Følg denne lenka for å førehandsbestille

 

Les meir om seminaret her

Seminaret Helse, sjukdommar og medisinsk behandling i mellomalder og vikingtid

Bilde
Bilde av årelating i mellomalderen
Årelating var ein mykje brukt behandling i mellomalderen. Illustrasjon: British Library, London.

Boka Helse, sjukdomar og medisinsk behandling i Norden i vikingtid og mellomalder blir utgitt på Spartacus forlag i samarbeid mellom Videnskapsakademiet og Torleif Dahls Kulturbibliotek. Boka bygger på seminaret med same namn, som vart arrangert i Videnskapsakademiet. 

Ole Didrik Lærum til minne

Bilde
Portrett av Ole Didrik Lærum
Ole Didrik Lærum, 23. april 1940 - 23. januar 2023

Då Ole Didrik Lærum døydde 24 januar 2023, stod han midt i arbeidet med å redigere boka Helse, sjukdomar og medisinsk behandling i Norden i vikingtid og mellomalder. Han hadde sjølv vore med på å arrangere seminaret i Det Norske Videnskaps-Akademi, som dei fleste av artiklane i denne boka byggjer på, og han tok med glede og entusiasme på seg arbeidet med å vere ein av redaktørane trass i at han hadde meir enn nok å gjere.  

Ole Didrik Lærum tok medisinsk embetseksamen ved Universitetet i Oslo  i 1965 og doktorgrad ved det same universitetet i 1969. Men det var ved Universitetet i Bergen han kom til å leggje ned det meste av si store arbeidskraft. Her vart han knytt til Gades institutt som dosent i eksperimentell patologi og onkologi i 1974 og som professor frå 1980 til 

han gjekk av for aldersgrensa i 2010. Etter det ville han gjerne halde fram med forskingsarbeidet sitt, og vart då knytt til Københavns Universitet som adjungtert professor heilt til han døydde. Han var ein internasjonalt kjend kreftforskar og patolog og hadde stor vitskapleg produksjon. Ole Didrik Lærum var ein forskar som stod i forskingsfronten, og samstundes makta han å gjere forskinga si kjend for eit vidare interessert publikum som då han populariserte forskinga si på mennesket si innebygde biologiske klokke og biologiske rytmar i bøkene Mennesket og biorytmene (1983) og Mennesket og tida (1999). Frå forskingsfronten såg han ikkje berre framover i arbeidet med å finne botemiddel mot farlege sjukdomar. Han såg også bakover til eldre tider då kunnskapane om sjukdomar var betydeleg mindre, men menneska likevel, så godt dei kunne, prøvde å lækje sjukdomar og skader.  

Ole Didrik Lærum var ein person som sjeldan sa nei, og gav mykje av kunnskapane sine til mange. Interessene hans stansa ikkje ved medisinen. Han arbeidde også som lokalhistorikar og kulturhistorikar, han spelte fleire instrument, og han var ein elska foredragshaldar som kunne snakke om alle fagfelta sine med stor kunnskap og like stor humor.  

Innanfor akademia har han også sett djupe spor etter seg som forskingspolitikar og administrator. Han var prorektor og rektor ved Universitetet i Bergen 1982–1995, styreleiar i Norges Forskningsråd 1992–94, og preses og visepreses i Det Norske Videnskaps-Akademi 2005–2008

Då Ole Didrik Lærum døydde midt under redigeringsarbeidet av Helse, sjukdomar og medisinsk behandling i Norden i vikingtid og mellomalder, vart det naturleg å tileigne han boka. Medredaktørane inviterer alle som kjende han som kollega, lærar, forfattar, foredragshaldar og korpsmedlem – og alle andre som ynskjer å heidre minnet til Ole Didrik Lærum, til å førehandsbestille boka som inneheld eit par av dei siste arbeida frå hans hand, og dermed få namnet sitt på Tabula memorialis.  

*

Boka blir utgitt av Spartacus forlag i samarbeid med Videnskapsakademiet og Torleif Dahls Kulturbibliotek. 

Du kan førehandsbestille boka for kr 399,- og få den tilsendt med gratis frakt. Du kan betale med Vipps eller faktura. Ved faktura påbeløper det et gebyr. 

Fyll ut dette skjemaet for å bestille. 

Dersom du har praktiske spørsmål, ta kontakt med Gro Havelin på telefon 22 84 15 00 eller epost gro.havelin@dnva.no