
Boklansering: Kampen for livet
Praktisk informasjon
Arrangementet er ope, men påmelding er naudsynt.
Kontaktperson: Gro Havelin E-post gro.havelin@dnva.no
Vi inviterer til lansering av boka Kampen for Livet. Helse, sjukdomar og medisinsk behandling i Norden i vikingtid og mellomalder
Praktisk informasjon
Arrangementet er ope, men påmelding er naudsynt.
Kontaktperson: Gro Havelin E-post gro.havelin@dnva.no
Boka vert utgjeven på Spartacus forlag, i samarbeid mellom Vitenskapsakademiet og Torleif Dahls kulturbibliotek, og byggjer på seminaret med same namn som vart halde i Akademiet i 2020.
I alle kulturar har det vore viktig å ha god helse, å vite korleis ein skulle behandle skader om uhellet skulle vere ute, og når sjukdom råka, var det avgjerande at ein kjende til lækjeråder og at det fanst menneske i samfunnet som ein kunne vende seg til for å få hjelp. Slik var det også i dei nordiske samfunna i vikingtid og mellomalder. Emnet for denne boka er helse, sjukdomar og medisinsk behandling i dei nordiske samfunna i vikingtid og mellomalder, og vi prøver å setja dette emnet inn i ein historisk samanheng i Norden, og Norden inn i ein vidare europeisk samanheng.
Fredag 14. mars markerer vi utgjevinga i Akademiet. Det vert innlegg frå redaktør Else Mundal m.fl., og enkel servering.
Arrangementet er ope, men påmelding er naudsynt.